Kveldskort for barn og unge sesongen 2024/2025

I sesongen 2023/2024, organiserte Ørsta skisenter gratis kveldskøyring for alle grunnskuleelevar i Ørsta kommune. Vi delte ut 385 gratis kveldskort til ungdom mellom 8 og 16 år, i tillegg til 226 gratis Alpepass for fjerdeklassingar og born frå 0-7 år. Denne sesongen har det vore krevjande å skaffe pengar til ordninga, og skisenteret må difor endre tilbodet, men vi vil framleis strekke oss langt for at flest muleg kan ta del i aktiviteten i anlegget.

Av dei 385 som nytta tilbodet i fjorårssesongen, såg vi at mange var uorganiserte ungdomar som ikkje tek del i den organiserte idretten, og at fleire tilhøyrer grupper som i Ungdata-undersøkingane svarer at dei manglar fritidstilbod.

Ordninga med gratis kveldskøyring vart altså ein stor suksess, og vi hadde håp om å vidareføre dette tilbodet også i sesongen 2024/2025. For å greie dette, er vi avhengige av å sikre eiga finansiering til tiltaket, noko som har vist seg krevjande å få til i tide for årets sesong. Vi kan difor diverre ikkje vidareføre gratis kveldskøyring i same form som i fjor.

Vi vi likevel strekke oss langt for å gje eit skitilbod for alle, og vil difor tilby kveldskort for barn og unge til kr 1 300,- per person for heile sesongen. Vi vil også halde fram med gratis skiutleige på kveldstid. Vi veit at også denne kostnaden kan vere krevjande for enkelte, og for at økonomi ikkje skal hindre at born og unge får renne på ski, vil vi legge til rette for at hushaldningar med utfordrande økonomi kan kontakte oss for å finne ei løysing. Informasjon om korleis ein kjem i kontakt med oss, finn ein på heimesidene til skisenteret, og alle førespurnadar vert handsama konfidensielt.

Tilbodet om kveldskort og gratis skileige gjeld grunnskuleelevar i Ørsta kommune. Born frå 0-7 år, samt dei som er fødde i 2015, renn gratis med Alpepass heile sesongen 2024/2025.

Sjølv om vi ikkje lukkast med å finansiere heilt gratis kveldskøyring denne sesongen, er tiltaket noko vi kjem til å arbeide vidare med i samarbeid med kommunen og andre bidragsytarar. Vi har håp om å få til ei meir langsiktig og føreseieleg finansiering av ordninga, slik at dette er noko vi kan tilby born og unge i Ørsta også i framtida.