Oppdatering – kveldskort for born og unge

I skisesongen 2023/2024, tilbaud Ørsta skisenter gratis kveldskøyring for alle grunnskuleelevar i Ørsta kommune. Tiltaket, som kom i stand takka vere tilskot frå kommunen og andre sponsorar, vart ein stor suksess, og vi hadde håp om å vidareføre dette tilbodet også i sesongen 2024/2025. Ordninga har i år vist seg krevjande å finansiere, og vi er ikkje i mål med å avklare om vi kan vidareføre tilbodet denne sesongen. Vi arbeider med ei avklaring, og vil kome med ei oppdatering så snart vi er i mål.

Medan vi ventar på avklaring, forlengar vi sesongkortkampanjen fram til 23. desember 2024.