Stengt. Velkomen att neste sesong (23/4 kl 17.00)

Finn du dei informasjonane du treng?

Skrive av Frank Harald Velle, 04-01-2016
På vår nye nettside, håper vi du finn dei informasjonane du leitar etter. Her ser du live kva for traséar og trekk som er opne, og korleis forholda er ved toppen og botnen. Du kan også følge med på webkamera for å sjå korleis det ser ut.

Denne nye nettsida er òg responsiv, som betyr at den fungerer på datamaskina di, nettbrettet og mobilen – heilt perfekt om du kjapt skal sjekke kva som skjer hos oss, eller prisar og opningstid. Du finn og linkar (ikon) direkte til våre facebook sider, Instagram, Fnugg og skisporet.no som viser når lysløypa og Åmskaret sist vart trakka.

Her vil du og snart kunne kjøpe kort online, og gå rett i bakken – då snakkast vi snart!