Vinterferien ope 10.30 - 16.00. Det blir ikkje kveldskøyring denne veka.

Gratis kveldskøyring for grunnskuleelevar i Ørsta kommune.

Skrive av Frank Harald Velle, 01-01-2024


Er du grunnskuleelev i Ørsta kommune, kan du no nytte trekka på Bondalseidet gratis når det er kveldsope. Det vil seie kvar tysdag, onsdag og torsdag ut sesongen. Manglar du utstyr, kan du låne dette også gratis i skiutleiga. Det kan vere at vi ikkje har fått på plass utstyr nok, så det er viktig at dei som har eige utstyr, tek det med. Vi har ope frå kl. 18.00 til klokka 21.00. Alle som skal nytte seg av tilbudet må ha eige keycard for kveldskøyring. Dette kostar kr 50,- og gjeld heile sesongen.
Ta med vener og ha det kjekt i bakkane⛷️🏂