Årsmøte måndag 7.juni kl 19.00 Varmestova

Alpinvettreglar

Skrive av Frank Harald Velle, 10-02-2021

Du må opptre på ein slik måte at du ikkje er til fare for deg sjølv eller andre.

Du skal til ei kvar tid ha naudsynt kontroll på ski- og snøbrettutstyret ditt.

Du er ansvarlig for å unngå at utstyret ditt gjer skade på personar eller anna materiell.

Du må kjøre kontrollert og tilpasse fart og kjørestil etter ferdigheiter, terreng, ver og føreforhold og trafikk.

Kjem du bakfrå har du ansvar for å kjøre på ein slik måte at du ikkje utset andre for kollisjon.

Du kan kjøre forbi anna skiløpar dersom vedkommande får tilstrekkelig plass for så vel kontrollerte som ukontrollerte bevegelsar.

Det er forbode å kjøre rett utfor, unntatt ved organisert trening. Starte, kjøre inn i eller svinge oppover i nedfarten Kjører du inn i, eller svingar oppover i ein nedfart, må du forsikre deg om at dette skjer utan fare for deg sjølv eller andre. Det same gjeld for kjøring etter stans.

Med mindre det er absolutt naudsynt, skal du unngå å stoppe i nedfarten på smale plassar, eller der det er lite oversiktleg. Etter fall på ein slik stad skal du bevege deg vekk så raskt som mogleg.

Er du til fots, må du berre nytte deg av ytterkantane i bakken.

Respekter skilt og markeringar Følg skilt og merkingar.

Ved skade har samtlege skiløpar eller snøbrettkjørarar plikt til å hjelpe.

Ved skade eller ulykke har vitner og medverkande plikter til å oppgi personalia.