[ Lenker ] [ Kontakt oss ]
Eit kort til 6 skisenter

Alpepass - Eit kort, fleire moglegheiter

Alpepass er eit felles heiskort, som gjev deg tilgang til seks utvalgte skidestinasjonar på Vestlandet. Snøentusiastar i alle aldrar får dermed tilgang til blant anna;  29 heisar, over 60 nedfartar, 800 meters fallhøgde, terrengparkar, unike frikøyringsmoglegheiter, stabile kunstsnøanlegg, masse snø og moro.
Dei som er med i dette samarbeidet er; Harpefossen skisenter, Stryn skisenter, Strandafjellet skisenter, Sunnmørsalpane skiarena Fjellseter, Stordal alpinsenter og frå denne vinteren også Ørsta skisenter.

Alpepass får du kjøpt som sesongkort, som gjeld på alle desse skisentra. Eller ein kan kjøpe kort for 2-10 valfrie dagar. Valfri dag betyr at du ikkje treng å bruke det påfølgande dag, men når du sjølv ønsker det. Ein kan til dømes kjøpe 3 dagers alpepass, bruke dette ein dag på Ørsta skisenter, kanskje vente nokre dagar eller veker, og bruke dei siste dagane på eit av skisentra. På denne måten står du heilt fritt til å velje dag og skisenter. Du kan lese meir om Alpepass på desse sidene www.alpepass.no

Kortprisar for Alpepass finn ein under prisar i menylinja. Det einaste du treng er keycard frå Skidata.

Her kan du kike på dei andre anlegga som er med på samarbeidet.

www.strandafjellet.no

www.sunnmorsalpane.no

www.harpefossen.no

www.strynskisenter.no

www.stordalalpinsenter.no

Valet er ditt, velkomen skal du vere.



INFO STOLHEIS / SKITREKK
STOLHEISA : STENGT
HOVUDTREKKET : STENGT
NOTTANE : STENGT
BARNETREKKET : STENGT

NB! Stolheisa og skitrekket i Nottane er stengt ved kveldskøyring

Kjøp online
SNØDJUPNE
Siste snøfall : 10.05
Snødjupne nedre : cm
Snødjupne Eitrefjell : cm
Snødjupne Nottane : cm

WEBKAMERA
Ørsta Skisenter AS - Hovudtraseen.
Hovudtraséen
Ørsta Skisenter AS - Nottane.
Eitrefjell

3 DAGERS VARSEL - NEDRE HEISSTASJON
Fr 30.07 2010
15,0°C 4 mm
La 31.07 12,0°C 2 mm 2 m/s
Su 01.08 15,0°C 9 mm 1 m/s

3 DAGERS VARSEL - EITREFJELL
Fr 30.07 2010
12,0°C 5 mm
La 31.07 9,0°C 3 mm 2 m/s
Su 01.08 12,0°C 12 mm 1 m/s

Sponsorar




Ørsta Skisenter AS © 2008 - Org.nr. 911 683 725
Webredaktør: Frank Harald Velle
developed by onsite solutions - powered by o2