|
Kjøp over internett er i dag vanleg og dei fleste har gjort det både ein og to gonger. Difor investerte vi i fjor i ei slik løysing på våre heimesider. Ein kan no fylle opp keyCard’et sitt før ein reiser på Bondalseidet og ein slepp alt som er av køer og kan reise rett i bakken.
Det du treng å gjere er å klikke deg til betalingssidene, orstaskisenter.no/onlinekjop/, velg dato for når ein skal i bakken, velge korttype (dag, kveld osb.), skrive inn namn og keyCard-nummer og betal med VISA-kort. Hugs å skrive ut kvittering frå nettbanken, og ta denne med for sikkerheits skuld.
Er banken din er ein del av ”Verified by Visa” (Trygg Netthandel), må du ha passordet klart. Dette passordet legg ein sjølv inn i nettbanken.
|